Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ventetida er over

NyLogoArtikkel.jpg

Sundag 26.august brakar det laus med nytt skuleår på Manger folkehøgskule. Skulen er fylt til randen med elevar, heile 63 flotte ungdommar kjem for å tilbringe eit år saman med oss. Me ser verkeleg fram til å verte kjente med alle dei nye ansikta i tida framover.

-Me er svært glade for at me dei siste åra har klart å fylle opp internatet, seier konstituert rektor Margaret Sutherland Antrobus. -Det styrkjer trua vår på at det faglege og sosiale tilbodet vårt fungerer godt. Fasilitetane våre er moderne og fine, men me har likevel klart å ta vare på det tradisjonsrike ved Manger folkehøgskule, som feira 140-års jubileum tidlegare i år.

Som vanleg har skulen fem linjer; musikk, bu og fritid, brassband, artist og låtskrivar, band:scene og studio, og musikkproduksjon. Me kan lova elevane eit spanande og lærerikt år både fagleg og sosialt. I tillegg vil dei få vener for livet i eit trygt og godt skulemiljø. Me ynskjer hjarteleg velkomen til skulestart!