Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vellukka innslusing

Opptaket-Artikkel.jpg

I desse tider er det ikkje utan risiko å få elevar frå heile landet tilbake på skulen etter ferie med familien. Manger folkehøgskule er no ferdige med ein ti dagar lang innslusingsperiode. Me har i denne perioden hatt ekstra sterke smittevernstiltak, samt obligatorisk koronatesting av elevar og tilsette. Så langt har me heldigvis unngått å få smitte inn på skulen.

-Me er svært nøgde med at me har unngått smitte på skulen, ikkje berre no etter jul, men også heile hausten, seier rektor Geir Rydland. -Fokuset har vore stort på smittevern heilt sidan oppstarten, men risikoen aukar sjølvsagt når elevane reiser til og frå heimane sine over heile landet. No tar me vekk dei strengaste reguleringane, men me er framleis på gult nivå.

Reiseaktiviteten i regi av skulen har naturleg nok vore begrensa til eit minimum dette skuleåret. I staden har ein fått oppleve ein elevflokk som har knytt tette venskapsband og har vore ekstra kreative på den sosiale fronten. -Kanskje har me i år ein gjeng som er endå meir samansveisa enn eit normalår, rett og slett fordi dei har vore nøydde til å tilbringe så mykje tid saman, held Rydland fram. -Reint fagleg har me heldigvis stort sett kunna gjort som før, slik at det faglege utbytte for elevane skal ikkje stå tilbake for noko.

Årets studieturar kan sjølvsagt ikkje gå til utlandet, men det vert arbeidd med å lage fullgode alternativ innanlands. Dette ser me verkeleg fram til og håpar at turane lar seg gjennomføre i veka før påske.