Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Valfag: kaldtvassbading!

bading.jpg

Lærar på brassbandlinja, Helga Vetås, har i ei årrekkje hatt eit valfag for dei aller tøffaste, nemleg kaldtvassbading. Gjennom vintermånadane, i alle variantar av ver og vind, tar ho med seg elevane til det iskalde havet for eit forfriskande bad. Mykje tyder på at elevane endåtil likar det.

-Ein vert faktisk i godt humør av å bade i det kalde vatnet, seier Helga. -Andrenalinet ein får i kroppen når ein hoppar uti har ein positiv effekt på kroppen. Elevane er supersporty som hiv seg med på eit slikt valfag i kalde og sure vintermånader.

Dette skriv nettstaden bedre-helse.com om bading i kaldt vann: "Å utsette seg for kaldt vann er en sjokkbehandling på kroppen og setter i gang kraftig reaksjon i kroppen, litt avhengig av hvor kaldt det er. Kroppen nedkjøles raskt og reaksjoner som oppstår er at blodkarene i huden trekker seg sammen og det frigjøres en rekke kjemiske stoffer i kroppen som endorfiner og adrenalin. Reaksjonen er litt avhengig av hvor kaldt vannet er og hvor tilvendt du er til å bade i kaldt vann. Blodtrykket og puls kan stige. Hyperventilering (rask pusting) oppstår fra vanlige 7 liter/minutt til gjennomsnitt 35 liter/minutt (i dansk studie på personer med ulik tilvenning til kalde bad) og til maksimalt 200 liter/minutt."

Så, kanskje dette ikkje er for alle, men for elevane på valfag kaldtvassbading er dette som ein tur i parken. Hugs å sende søknad om skuleplass dersom DU har lyst til å bade med Helga til hausten!