Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tidlegare elevar på TV

Peder-artikkel.jpg

I næraste framtid kan du sjå og høyre to av våre tidlegare elevar på bandlinja i beste sendetid på tv. Peder Kolsung, elev i 2010/11, spelar tangentar med det nye stjerneskuddet Halie på sjølvaste Skavlan på NRK1 komande fredag. Øyvind Eliassen frå 2012/13-kullet vert å finne i husorkesteret i den nye sesongen av Stian Blipp Show på TV2.

-Både Peder og Øyvind var svært målretta elevar, seier Johan Modahl Leiva, ein av lærarane på bandlinja. -Dei hadde evna til å drive seg sjølve framover og var allereie den gongen veldig musikalske og dyktige på instrumenta sine. Det er veldig stas for oss som har hatt dei som elevar å sjå at dei lukkast i den profesjonelle musikkbransjen.

Halie, med Peder i bandet, skal framføre sin komande singel,"Youth", i fredagens program. Skavlan sin bookingansvarleg, Annika Forsberg, vart blåst vekk når ho såg Halie live i Norrkøping og booka ho til programmet med det same. Stian Blipp har med seg The Feelgood Orchestra, med Øyvind på gitar, som sitt husband i den komande sesongen av sitt TV2 sendte program. På si facebook-side seier Blipp at The Feelgood Orchestra er "ein gjeng med talentfulle, unge, energiske og morsomme gutar som eg gler meg til å dele studio med dei neste månandane."