Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tidlegare elevar imponerte

VVV-artikkel545x305.jpg

Fleire av våre tidlegare elevar på band og musikkproduksjon imponerte den legendariske musikkmeldaren i Bergens Tidende, Einar "Engelen" Engelstad, under årets Vill Vill Vest-festival i Bergen. Som musikarar for dei nye stjerneskudda Halie og Fred Well, gjorde heile fire tidlegare elevar ein svært overbevisande jobb i kompet.

Peder Kolsung er å finne på keyboards i bandet til ein av dei artistane det er knytt aller størst forventningar til i tida framover, nemleg Halie, eller Hannah Emilie Grung som ho eigentleg heiter. Ho og bandet gjorde ein fantastisk debutkonsert på Vill Vill Vest framfor ein stappfull sal på Kvarteret. "Engelen" gav konserten seks av seks mogelege hjarter og skreiv i etterkant at "av de tusenvis av konserter jeg har anmeldt i årenes løp har jeg aldri vært borti en mer overbevisende debut."

HalieORG.jpg

 (Foto: Helena Wilde)

I bandet til Fred Well spelar brødrene Olav og Andreas Vandvik høvevis keyboards og bass, og Ole Kristian M. Nese gjer ein strålande jobb på gitar. Etter mange år saman i bandet The Well har dei no vorte eit supertight komp for artisten Fred Well. "Engelen" gav konserten deira fem av seks hjarter og seier at "dette er rein og uforfalsket pop i tradisjonen til John Legend og Justin Timberlake.Velgjort og godt arrangert."

FredWell640px.jpg

(Foto: Håvard Matland)

Me på Manger folkehøgskule er stolte over våre tidlegare elevar som no etablerer seg i ein knalltøff musikkbransje og håpar og trur at me også  har gitt dei noko med seg i den musikalske bagasjen. Me føl nøye med på kva som skjer vidare og ynskjer dei all mogeleg hell og lukke i framtida.