Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tid for farvel

setervika-artikkelBRUK.jpg

Laurdag 11.mai har skuleåret 2018/19 nådd sin ende, men som Liverpool mot Barcelona, avsluttar me knallsterkt. Klokka 15.00 er det duka for storslagen avslutningskonsert i storsalen og kyrkja. Her får ein høyre innslag frå alle linjer, og ikkje minst det tradisjonsrike skulekoret. Dagen vert avslutta med festmiddag for elevar, tilsette, foreldre/føresette og inviterte gjestar.

-Året har som alltid flydd avgarde, seier assisterande rektor, Anne Kari Sylta. -Vårhalvåret har mange feriar, studieturar, og andre aktivitetar som bryt opp den vanlege timeplanen. Då forsvinn vekene fort. No har elevane pakka ned og vaska romma sine og har berre nokre få dagar igjen saman. Me merkar godt på stemninga at det går mot slutten, smiler Sylta.

Manger folkehøgskule har lang tradisjon med å avslutte året med å invitere til konsert. Her får elevane vist fram litt av det dei har halde på med i løpet av året til foreldre, føresette, og anna familie. Festmiddagen er også ein fast post på programmet, eit siste måltid med gjengen før dei reiser kvar til sitt. Me takkar elevane så mykje for i år og ynskjer kvar og ein av dykk lukke til med framtida!