Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studieturar!

Studietur-artikkel.jpg

I desse dagar reiser alle linjene på Manger folkehøgskule på studieturar til utlandet. Musikk, bu, fritid reiser til London, brassband til Nord-England og musikkproduksjon, band, artist og låtskrivar til Los Angeles. På programma står det store, faglege opplevingar i kø.

Musikk, bu og fritid er klare for sosial trening, spanande kulturopplevingar, god mat og gode felles opplevingar i London. Dei får mellom anna med seg musikalen Aladdin og attraksjonar som Madame Tussauds og London Eye.

Brassband har gjort det til tradisjon å spele konsertar på sin utanlandstur. I år spelar dei fire konsertar i Yorkshire-området. I tillegg høyrer dei mellom anna Black Dyke Band og Brighouse and Rastrick’s Band. Besøker The Royal Northern College of Music og Michael Rath trombonefabrikk i Honley. Dei får også oppleve workshop med Brett Baker i tillegg til kulturelle opplevingar i Leeds, York, Liverpool og Manchester.

Band, Musikkproduksjon, Artist og låtskrivar tar turen til Los Angeles. På programmet står mellom anna konsertar og studiobesøk. I tillegg vert det rikeleg med tid til å utforske Downtown LA, Santa Monica beach og området der vi bur – Hollywood. På konsertprogrammet står Fleet Foxes, Jessie Ware, Aurora og 6LACK. Vi besøker legendariske East West studios, APG studios og Andre Lindal, produsent og låtskrivar for mellom anna Justin Bieber, Britney Spears og Maroon5.

-Me har sterk fagleg fokus på turane våre og erfaringane elevane får på tur skal underbyggja det dei arbeider med på skulen til dagleg, seier rektor Geir Rydland.

Me ser fram til kjekke og lærerike dagar i utlandet neste veke. Forhåpentleg kjem elevane attende med gode opplevingar og nyvunnen inspirasjon.