Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sterke krefter Hiphop-linja

Hiphop 2.jpg

Ralph Myerz, Miss Tati og Action The Man er klare til å gi deg ein kickstart inn i hiphopverda.

Bergen og omegn har eit stort og veksande hiphop-miljø. Det vart difor heilt naturleg for Manger folkehøgskule å utvida tilbodet sitt med ei ny hiphop-linje. Denne linja er det første i sitt slag i norske folkehøgskular, og er eit godt tilskot til dei 5 andre veletablerte linjene på skulen. Alle linjene baserer seg rundt musikk, og frå før har skulen linjene: Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, Musikkproduksjon, Brassband og Musikk, bu og fritid.

Med oppstart av den nye Hiphop-linja på Manger folkehøgskule har me fått med oss noko av det beste og største det bergenske hiphop-miljøet har å by på.

Som mentorar kjem dei to talentfulle, engasjerte, samfunnsbevisste og populære artistane Miss Tati og Action The Man. Og som lærar, både for Musikkproduksjon og Hiphop, den kjende artisten og produsenten Ralph Myerz, kjent for hittar som Nikita og det Spelemannsprisa albumet Supersonic Puls. Ralph Myerz har m.a. arbeida med namn som Snoop Dogg og Rihanna, og er velkjend med alle aspekt av livet som musikar.

Skulen er utruleg stolt over å ha fått til dette og ser fram til oppstart. Med slike folk på laget vert det ein solid start for denne linja, og ein stor boost for heile skulen.

Foto: Mads Oliver Østhus (Action The Man), Sondre Eriksen (Miss Tati), Stian Andersen (Ralph Myerz)