Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Spanande gjestar på brassband

OwenFarr-artikkel.jpg

I desse dagar har brassbandlinja besøk av fleire fantastiske gjestar. Måndag var Erlend Vetås Aagaard-Nilsen, trompetar i Kringkastingsorkesteret, på plass med både mini-konsert, masterclass og kornett/trompet-undervisning. Komande måndag er det tenorhorn-stjerna Owen Farr som kjem på besøk med tilsvarande opplegg.

-For oss er det fantastisk at ein kan hente slike dyktige, profesjonelle utøvarar ut her til skulen. Det er svært inspirerande for elevane våre. Det seier linjeleiar på brassband, Grethe Tonheim. -Me er så heldige at me over tid har bygd oss opp eit stort kontaktnett i det profesjonelle miljøet både i inn- og utland. Det får elevane våre nyte godt av i løpet av året sitt på Manger.

Brassbandlinja er i desse dagar i full gang med oppkjøringa til konsert-turné i Nordvest-England. Der vil dei også få godt med fagleg påfyll under besøk på ulike utdanningsinstitusjonar. Me gler oss stort over hektiske og lærerike tider!