Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søknadsrekord til folkehøgskulane

Opptaket-Artikkel.jpg

Søkninga til folkehøgskulane i Noreg slår no alle tidlegare rekordar. Inneverande år har dei 80 skulane i landet det høgste samla elevtalet nokon gong med over 7700 elevar. No viser dei foreløpige søknadstala for neste skuleår ein auke på 20 prosent.

– Dette er fantastiske tal! Det er ikkje lenger nokon tvil om at det er populært å gå på folkehøgskule. Meir enn nokon gong viser ungdommen at dei har behov for eit pusterom etter vidaregåande skule, før dei går vidare med andre studiar. Utan både karakterar og eksamen klarer folkehøgskulane å gje elevane lyst og motivasjon til å lære meir, seier informasjonsrådgjevar for folkehøgskulane Marit Asheim til folkehogskole.no.

Også på Manger folkehøgskule merkar me den auka interessa for skuleslaget. Søknadstala viser ein klar auke frå i fjor på same tid. 1.februar startar me opptaket av elevar til skuleåret 2019/20. Me tar inn elevar fortløpande fram til skulestart, eventuelt til alle dei kring 60 plassane er fylt opp. For å vera sikra plass til hausten kan det altså løne seg å vere tidleg ute. Velkomen som søkjar!