Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søkje folkehøgskule?

VLFK-artikkel.jpg

1.februar startar opptaket til nytt skuleår på folkehøgskulane over heile landet, men det er allereie no mogeleg å sende inn søknad. På folkehøgskule er det førstemann til mølla, så jo tidlegare du søkjer, dess større er sjansen for at du får plass på den linja du ynskjer. Du kan finne lenke til søknadskjema på heimesida til Manger folkehøgskule eller på www.folkehogskole.no.

Elevane som går på folkehøgskule er nesten alltid svært fornøgde med skuleåret sitt. Analysebyrået EPSI målar elevtilfredsheiten i det norske utdanningsløpet, og for åttande året på rad tronar folkehøgskuleelevane øverst som dei mest nøgde elevane i landet. Medan høgskular og universitet har ein skår henholdsvis 60 og 65, får folkehøgskulane endå ein gong over 80.

– Det er ikkje berre det sosiale miljøet på folkehøgskulane som er svært godt, også faglærarane får gode tilbakemeldingar både med tanke på kompetanse og deira evne til å engasjere elevane. Det seier Fredrik Høst, dagleg leiar i EPSI Noreg, til folkehogskole.no. –I sum fortel undersøkinga at året på folkehøgskule medverka til personleg utvikling, det gav verdifulle kjennskapar og nettverk, samt gjorde elevane meir sjølvstendige.

I denne videoen kan du sjå kor lett ein kan søkje på folkehøgskule:https://youtu.be/4gnODdUC4A8  .

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen som søkjar på Manger!