Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Slagverkskonsert

snorre-artikkel.jpg

Fredag kveld vert dei fire slagverkarane på brassband å høyre på konsert saman med Sjøforsvarets Musikkorps Vestlandet (SMKV) i Peer Gyntsalen. Dei spelar ein før-konsert i foajéen saman med slagverkelevar frå Langhaugen vgs og Bergen Private Gymnas. Før-konserten startar kl.18.30 medan SMKV sin konsert, med fokus på slagverk, startar kl.19.30.

Snorre Svenningsen, til dagen slagverkar i SMKV, har dei siste åra vore ein av dei som underviser slagverk på Manger folkehøgskule. No tar han altså med seg våre fire slagverkarar på brassbandlinja, Karoline Grøttum, Eivind Skari, Fredrik Ertvaag og Richard Vetås, på konsert i Peer Gyntsalen. Dei skal framføre musikk av Fredrik Scheldrup, som er tidlegare slagverkelev på Manger, og av Richard Vetås som altså er elev i år.

-Det er aldeles supert at dei får vere med på slike ting saman med profesjonelle utøvarar, seier assisterande rektor Margareth S. Antrobus. -Det skjerpar elevane og er dessutan til enorm inspirasjon. I tillegg får Richard framført eit eigenkomponert stykke for slagverkensemble. Me gler oss verkeleg til å høyre konserten på fredag!