Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Siste huskonsert

huskonsertsiste.jpg

Årets aller siste huskonsert gjekk av stabelen tysdag kveld. Med nok ei smekkfull settliste, eit entusiastisk publikum, og musikarar i toppform vart det ei minnerik avslutning på serien av konsertar internt på Manger folkehøgskule.

-Årets huskonsertar har halde høg kvalitet heilt sidan starten. Elevane har verkeleg lagt ned hardt arbeid for å kunne levere best mogeleg på scena, seier lærar på band/slagverkslærar, Stian Villanger. -I tillegg har elevane levert fantastisk livelyd og scenelys. Dermed har totalpakken blitt av topp klasse.

Denne siste huskonserten hadde fokus på livespeling med tracks. På den måten fekk ein fleire av låtane som har blitt produsert elektronisk opp på scena saman med levande musikarar. Ei ny, men svært inspirerande, oppleving for mange.

På Manger folkehøgskule har me hyppige huskonsertar, både klassiske med pianoakkompagnatør tilgjengeleg, og konsertar som krev oppmikking og PA. I eit år prega av nedstengte kulturscenar er me glade for at me har hatt høve til å spele konsertar for kvarandre gjennom heile skuleåret. Takk til alle som har bidratt på konsertane!