Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Prosjektveke

Prosjekt2019-artikkel.jpg

Den årvisse prosjektveka på Manger folkehøgskule er i gang! Denne veka vert timeplanen oppløyst og alle linjene arbeider på tvers med å lage ei framsyning. Forestillinga vert presentert for publikum i storsalen fredag 15. februar kl.19.00. Gratis inngang og buss frå Bergen.

-Det er fantastisk å følgje den kreative prosessen i elevflokken frå ein startar med blanke ark måndag til ei forhåpentleg fantastisk framsyning fredag, seier Silje Spurkeland. Ho er ein av dei tilsette som er med å trekkje i trådane denne veka. -Her får ein verkeleg kjenne på sine evner til samarbeid. Utan samarbeid har ein rett og slett ikkje ein sjanse til å kome i mål i tide. Ungdommane får dessutan vist fram fleire sider og andre talent ved seg sjølve som dei ikkje får vist til vanleg. 

Sjå resultatet i Storsalen fredag 15. februar kl. 19.00.

Buss frå Festplassen i Bergen kl. 17.30. Det vert kveldsmat etter forestillinga, og buss tilbake til Bergen. Gratis!