Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Prosjektveka i gang

Den årvisse prosjektveka er i gang på Manger folkehøgskule. Denne veka er den vanlege timeplanen oppløyst og elevane jobbar saman på tvers av linjene for å skape ei framsyning som må vere klar til fredag. Elevane har altså kun fem dagar frå dei startar måndag morgon til forestillinga skal vere klar for scenen fredag kveld.

-Det er alltid spanande å sjå om elevane tar utfordringa, og ikkje minst å sjå kva dei kjem opp med av idear. Det seier ein av lærarane med ansvar for veka, Silje Spurkeland. -Dei får verkeleg kjent på tidspresset og testa samarbeidsevnene sine på dette prosjektet. Men dei får også kjenne på gleda av å skape noko i lag, og på kjensla av meistring når dei klarar å kome i mål, for det klarar dei alltid.

Årets framsyning har fått tittelen "Bullshit - a really really real reality show". Som tidlegare år vert det sett opp gratis buss frå festplassen i Bergen med avgang kl.17.00 og retur kl. 21.00. Det vert gratis inngang og lett bevertning etter forestillinga.