Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Øystein Skar vender tilbake

OysteinSkar-Artikkel2.jpg

Tidlegare keyboardist i Highasakite, Øystein Skar, kjem også i år innom Manger folkehøgskule for å jobbe med elevane på musikkproduksjon, band: scene og studio, og artist/låtskrivar. Skar har besøkt skulen fleire gonger dei seinare åra og me gler oss stort til inspirasjonsrike dagar neste veke.

-Øystein har ein ekstrem erfaring på fleire områder. Han har jobba mykje med musikkproduksjon og låtskriving, og ikkje minst har han bøttevis med erfaring frå scena. Det seier linjeleiar på musikkproduksjon, band, og artist/låtskrivar, Håvard Matland. -Når han er på besøkt får elevane verkeleg høve til å suge til seg kunnskap frå ein som har jobba med musikk på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.

Me ser også fram til høyre om Øystein Skar sine seinaste prosjekt både på live og studiofronten. Frå sin base i Oslo har han fleire spanande prosjekt på gang. Tysdag og onsdag er han på plass på Manger, og me ser verkeleg fram til gjensynet med ein av dei mest sentrale aktørane i norsk musikkliv.