Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Øystein Skar på besøk

OysteinSkar-Artikkel2.jpg

Øystein Skar (synth i Highasakite mm.), var denne veka tilbake på Manger folkehøgskule som gjestelærar. Elevane fekk tilbakemelding på låtar og produksjonar som dei held på med i tillegg til gode råd for vegen vidare. Øystein var også på besøk i fjor, og no altså to ganger dette året.

-Det er absolutt ei tillitserklæring at ein kapasitet som Øystein har lyst å kome tilbake til Manger folkehøgskule. Han sit på ein enorm kompetanse innan musikkproduksjon, bandspeling, turnéring og bransjen generelt. Det seier ein svært nøgd linjeleiar for musikkproduksjon, band og vokal, Håvard Matland.

-I år har me fleire reine musikkprodusentar på skulen enn nokon gong før. Då er det ekstra kjekt at me kan få folk som Øystein Skar på besøk, seier Håvard.