Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Opptaket startar 1.februar

EPSI-Artikkel.jpg

1.februar startar opptaket av elevar til skuleåret 2018/19. Søknadsskjema finn ein via linken på denne nettstaden eller på folkehøgskulane si felles nettside, www.folkehogskole.no. Opptaket skjer fortløpande fram til skulestart fredag 26.august.

-Dette skuleåret har me full skule og håpet er at det same vil vere tilfellet til hausten. Det seier rektor Geir Rydland som også kan fortelje at dei første søknadane kom skulen i hende allereie før jul. -Me har eit jamt antall søknader som kjem i god tid før opptaket startar kvart einaste år. Desse søkjarane får tilsendt tilbod om skuleplass 1.februar. Deretter tar me inn elevar etterkvart som dei søkjer fram til det er fullt i internatet.

På folkehogskole.no finn ein informasjon om samtlege folkehøgskular i landet. Her kan ein finne all informasjon ein treng om linjer, studieturar, prisar og liknande. Det kostar kr 112 000,- for eit år på Manger folkehøgskule, men då er alt inkludert. Einaste unntak er eventuelt tillegg for enkeltrom. Mange skular opererer med tillegg for til dømes studieturar slik at totalprisen kan verte mykje høgare enn ein først får inntrykk av.

På Manger, den beste musikkfolkhøgskulen i landet, har me til hausten desse fem linjene: musikkproduksjon, artist og låtskrivar, band:scene og studio, brassband, og musikk, bu og fritid. Velkomen som søkjar!