Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

No er opptaket i gang!

image1.png

1.februar starta folkehøgskulane over heile landet opptaket av elevar til skuleåret 2021/22. På Manger folkehøgskule har me allereie sendt i veg dei første tilboda om skuleplass. Opptaket skjer forløpende etter «førstemann til mølla»-prinsippet. Dersom du tenkjer at det musikkfolkehøgskulen på Vestlandet kan tilby er det rette for deg, anbefaler me deg å søkje Manger folkehøgskule snarast.

 

-Me tar opp elevar heilt fram til skulestart i august, men dersom skulen er full før den tid må me sjølvsagt seie stopp, fortel rektor Geir Rydland. -I tillegg til dei seks linjene me har inneverande år vil me for neste skuleår tilby to nye linjer; Musikk og helse, og Stipendiat. På førstnemnde vil ein få kunnskap om samanhengen mellom musikk og helse, innblikk i faget musikkterapi, og om helsefremjande arbeid i eit vidare perspektiv.

-Stipendiat-linja er eit andreårstilbod for dei som ynskjer å halde fram å bidra i det faglege og miljøskapende arbeidet ved skulen. Ein stipendiat i folkehøgskulen har gjerne hatt «det beste året i livet», og vil no vere med å skape det «beste året» for andre, seier Rydland. Meir informasjon og søknadsskjema til Manger folkehøgskule finn du på folkehøgskole.no .