Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Møt oss på Siddis Brass

siddis-artikkel.jpg

Som vanleg er Manger folkehøgskule på plass i Stavanger under Siddis Brass. Laurdag 3.november treff du både elevar og tilsette på standen vår i Stavanger sitt nye konserthus i Bjergsted musikkpark. Her får du all informasjon du treng for å ta deg eit år på Manger. Me ser fram til å treffe nettopp deg neste helg!

-Dei store korpskonkurransene, NM og Siddis, er utan tvil viktige arenaer for å treffe framtidige elevar, seier assisterande rektor Anne Kari Sylta. -Her er nesten alt som kan krype og gå av korpsinteressert ungdom samla på ein stad. Då ynskjer me sjølvsagt å vere synlege, ikkje berre med brassbandlinja vår, men med alle dei fem musikklinjene våre.

Manger folkehøgskule held også neste år fram med linjene brassband, musikkproduksjon, band:scene og studio, artist og låtskrivar, og den tilrettelagde linja musikk, bu og fritid. Skulen har dei seinare åra vore heilt full, og me håpar den gode trenden held fram også neste haust. Lyden av Manger stilnar aldri!