Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Møt oss på Norge Rundt

NorgeRundt-artikkel (1).jpg

Tysdag denne veka var NRK på Manger folkehøgskule for å gjere opptak til Norge Rundt-sendinga førstkomande fredag. Kulturdepartementet har i samband med Norges Musikkorps Forbund sitt 100-års jubileum gitt 2018 status som "Musikkorpsenes år". Difor ville NRK nytte høvet til å vitje korpsbastionen Manger folkehøgskule då dei skulle lage ramme rundt sendinga fredag.

-Sjølv om hovudfokuset var brassbandlinja, ville me sjølvsagt involvere heile skulen i dette, seier Grethe Tonheim, linjeleiar på brassband. -Me har fem fantastiske musikklinjer på Manger og dette var ein fin anledning til å gjere noko saman. Det vart ein særdeles spanande dag med mykje action og spanande utfordringar.

På starten av tysdagen vart elevane gitt ei musikalsk utfordring som dei skulle løyse i løpet av opptaksdagen. Me skal verken røpe kva oppgåva var eller korleis det gjekk, men håpar du benkar deg framfor det lineære fargefjernsynet ditt fredag 7.desember kl.19.35 for å følgje sendinga på NRK 1.