Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Møt oss på NM brass

NM2018 artikkel.jpg

Som alltid er Manger folkehøgskule på plass i Grieghallen under noregsmeisterskapen for brass band. På standen vår finn du fyldig informasjon om alle dei fem linjene våre: brassband, musikkproduksjon, artist og låtskrivar, band:scene og studio, og musikk, bu og fritid. Du treff dessutan mange hyggjelege tilsette og ikkje minst elevar som kan svare på alt du måtte lure på.

NM brass går altså av stabelen i Grieghallen 9. og 10.februar. På scena vil det vere eit stort antall tidlegare og noverande elevar frå brassbandlinja, den einaste av sitt slag i landet. Fleire av dirigentane har også tilknytning til Manger folkehøgskule.

-NM brass er nærast som eit gjentreff for alle som har vore elevar på brassbandlinja opp gjennom åra, faktisk heilt sidan oppstarten tidleg på 80-talet, seier rektor Geir Rydland. -Det er veldig inspirerande å treffe på tidlegare elevar og høyre kva året på Manger betydde for dei. Så skal me sjølvsagt ikkje gløyme at me vil ha elevar i framtida også, og i helga håpar me å treffe mange framtidige søkjarar.

Opptaket til skuleåret 2018/19 starta 1.februar og dersom det ikkje er fullt tar me opp elevar fortløpande fram til skulestart i slutten av august.