Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Me er i gang!

image0.jpeg

Helga 28. og 29.august vart skuleåret 2021/22 sparka i gang på Manger folkehøgskule. Ein stor flokk med flott ungdom har flytta inn på internatromma og med stor grad av vaksinerte elevar og tilsette lever med tilnærma normalt på skulen.

-Det er fantastisk å vere i gang og kjenne at livet sakte men sikkert er på veg tilbake til normalen, seier assisterande rektor, Margie Antrobus. -Fjoråret var på mange måtar eit annleis år på grunn av alle restriksjonane, men i år kryssar me fingrane for at ting skal få gå litt meir som normalt. No gler me oss til å verte kjent med alle dei nye ansikta.

Manger folkehøgskule har i år ei heilt ny stipendiat-linje. Den er fylt opp med åtte av fjorårselevane og me ser fram til å sjå korleis denne linja vil fungere i kvardagen. Foreløpig har elevane imponert stort med miljøskapande arbeid på skulen, så alt tyder på at dette skal bli ein suksess.

Ellers er alle dei "gamle" linjene på Musikkfolkehøgskulen på Vestlandet i gang; brassband, hip-hop, musikkproduksjon, artist & låtskrivar, band, og musikk/bu/fritid. Me ynskjer alle våre nye elevar hjarteleg velkomen heim til oss!