Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Me er i gang!

HFKlogo-artikkel.jpg

Sundag 25.august er me i gang med nytt skuleår på Manger. Kring seksti elevar er i skrivande stund på veg inn portane og vert tatt imot av eit personale som verkar etter å kome i gang. Etter at alle er vel innlosjerte vert det offisiell opning av skuleåret 2019/20 i storasalen.

-Me er godt nøgde med endå eit år med elevtal tett opp imot maks, seier rektor Geir Rydland. -Dei siste åra har det vore eventyrlege elevtal i folkehøgskulen generelt, og dette har me på Manger også fått merke. Me er glade for å sjå at til tross for, eventuelt på grunn av, at me har hatt det same linjetilbodet i over fem år no, klarar me å fylle opp skulen. Eit stabilt linjetilbod gjer at me får eit gjenomprøvd fagleg opplegg som me veit er av beste merke.

No går elevane inn i spanande opningsveker der ein skal verte kjent med mange nye mennesker, nye rutinar og timeplanar, og ikkje minst kome inn i folkehøgskulen sin filosofi der "lysten driver verket". Me som jobbar på Manger ser fram til endå eit inspirerande år saman med kreativ ungdom.