Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Livet som frilansar

BildeTekst.jpg

Forrige veke fekk linjene band og artist/låtskrivar besøk frå tre sentrale skikkelsar i Bergen sitt yrande musikkliv. Sigmund Vik (bass), Mikael Jørgensen (trommer) og Hans Marius Andersen (trompet) arbeider alle som frilans musikarar i Bergen og omegn. Under sitt besøk delte dei av sine erfaringar frå bransjen.

-Det er alltid interessant å høyre korleis folk klarar å lage seg eit levebrød av musikken, seier lærar på band, Johan Modahl Leiva. -Heile prosessen frå at ein har det som hobby til at ein tjener pengar på det er spanande, og som me fekk høyre i dag er mange forskjellige vegar til målet. Alle må gjere det på ein måte som passar den enkelte.

Gjestene hadde også ei god arbeidsøkt med bandlinja, der dei fekk tilbakemeldingar på samspel og sceneopptreden av dei erfarne ringrevane. Hans Marius hadde dessutan eit opplegg for kornett og trompetelevane på brassband. Som ein ekstra bonus fekk me seinare på dagen oppleve storbandet Heavy Weather Orchestra, eit band som alle tre gjestane er medlemmer i. Det vart ein forrykande konsert med eit storband i topp klasse. Me takkar så mykje for besøket og håpar på snarleg gjensyn.