Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Live musikk lever!

huskonsert.jpg

Medan mange scener ventar på å få kome skikkeleg i gang igjen etter pandemien, har livemusikken levd i beste velgåande på Manger folkehøgskule. To gongar i veka er det rom for huskonsertar, med alt frå klassisk til metal. Dette året har verkeleg alle konsertane vore ein fest!

Manger folkehøgskule har ein flott konsertscene i storsalen med fantastisk PA og lysrigg. I tillegg har ein mellom anna trommesett, all tenkjeleg perkusjon, Nord stage keyboard, og flygel tilgjengeleg på scenen. Dermed har elevane høve til å framføre alle typar musikk kvar veke med fantastiske rammevilkår.

-Tanken med hyppige huskonsertar er sjølvsagt at elevane skal få så mykje konserttrening som mogeleg, seier lærar på bandlinja, Stian Villanger. -Det er også ein arena der ein kan prøve ut materiale som er under arbeid, i trygge omgjevnader. I tillegg kan elevane som har interesse få øve seg på å kjøre live lyd og lys.

På torsdagar og fredagar har me konsertar med høvesvis musikk som krev PA, og meir akustisk/klassisk musikk. På sistnemde har elevane tilgang på akkompagnatør på flygel. Manger folkehøgskule gir verkeleg elevane fantastiske mogelegheitar for å utvikle seg som utøvarar, og me er glade for at så mange grip sjansen. Her lever livemusikken!