Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunnskapsministeren tilrår folkehøgskule

image0.jpeg

Medan mange studentar ved høgskular og universitet opplever digital heimeundervisning i desse dagar, er kvardagen tilnærma normal på folkehøgskulane rundt om i landet. Her foregår undervisninga i klasserommet, ein kan vere sosial med medelevane, og treningsrom og fellesareal er opne. I eit intervju på folkehøgskole.no ber no kunnskapsminister Guri Melby fleire om å vurdere folkehøgskule.

 

-Som kunnskapsminister vil eg oppfordre fleire til å vurdere folkehøgskule til hausten. Godt samarbeid med lokale helsestyresmakter gjer at folkehøgskulane kan drive nesten som normalt sjølv under pandemien. Folkehøgskulane byr på eit unikt sosialt felleskap, der du får høve til å fordjupe deg i dine interesser og få vener for livet, seier Melby.

Fordi elevane på folkeøgskulane bur på skulen, vert dei etter dei første vekene rekna som ein kohort. Dermed har dei høve til å vere sosiale med medelevane også utanom undervisninga. Manger folkehøgskule har så langt dette skuleåret ikkje hatt nokre tilfeller av koronasmitte på skulen. Me samarbeider både med bedriftshelsetenesta i Vestland fylkeskommune og helestenesta i Alver kommune for å heile tida ha gode planar for smittevern. Me håpar sjølvsagt at situasjonen kring pandemien snart vil betre seg, men kan uansett ynskje deg velkomen til eit trygt og sosialt år dersom du søkjer skuleplass her på Manger.