Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Konsert og turnéperiode

BB2015_turne.jpg

November er tradisjonelt sett ein periode med mykje konsert- og turnéverksemd på Manger folkehøgskule. Denne hausten er intet unntak. Brassbandlinja har allereie vore på vegen i Hordaland og spelt konsertar på vidaregåande skular, medan band og artist/låtskrivar gjer fire konsertar i nærområdet i neste veke.

-November er ofte ei fin tid å kome seg litt vekk frå skulen på, seier assisterande rektor Margareth Antrobus. -Då er ein godt inne i ein lang arbeidsperiode, ein har vore her lenge nok til å kjenne litt på utfordringane ved å bu så tett på så mange, og ikkje minst er kveldane lange og mørke. Eit lite avbrekk frå dei vante omgjevnadane kan gjere godt då.

Fagleg får elevane sjølvsagt stort utbytte av ein slik periode med mange konsertar. Ein får samla seg masse spele-erfaring, og får kjenne at det harde arbeidet i forkant løner seg. Me øver tross alt fordi me ynskjer å spele for eit publikum, så me er svært takksame for alle som tar i mot oss når me er ute å reiser. Utan spelestader, ingen turné!