Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Konsert og turnéperiode

thumbnail_Bandturne-artikkel.jpg

I desse dagar er det hektisk konsertverksemd for fleire av linjene på Manger folkehøgskule. Artist og låtskrivar, band:scene og studio, og musikkproduksjon (ABM) har konsertar i Bergensområdet, medan brassbandlinja har lagt ut på turné i Hordaland og Rogaland. Me gler oss til å treffe publikum og dele musikken vår med dei.

-Det å spele for publikum er uvurderleg for våre elevar som alle driv med musikk, seier lærar på ABM, Johan Mordahl Leiva. -For å bli gode utøvarar er det berre ein ting som gjeld, nemleg å spele så mange konsertar som mogeleg. I tillegg får elevane høve til å presentere låtar dei har laga sjølve. Låtskriving er eit sentralt fag på Manger og noko me brukar mykje tid på, held Leiva fram.

Elevane på ABM har allereie gjort unna skulekonsertar på Osterøy vgs og Amalie Skram vgs. I næraste framtid spelar dei to konsertar for Radøy ungdomskule, oppvarmingsjobb for The Blues Brass Collective og konsert i kulturkyrkja St.Jakob i Bergen.

Brassband reiste tysdag 20.nov avgarde på konsertturné i Hordaland og Rogaland. Det vert konsertar på Ostereide ungdomskule, Karmøy saman med Sevland skulekorps, Rennesøy bo- og rehabiliteringsenter, i Stavanger saman med ensembler frå Universitetet i Stavanger, og på Stord vgs. Me håpar å sjå så mange som mogeleg på ein av Manger folkehøgskule sine konsertar i tida framover.