Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Klart for foreldrefest

NyLogoArtikkel.jpg

Haustferien nærmar seg med stormskritt og med det også den store foreldrefesten. På Manger folkehøgskule er foreldrefest synonymt med konsertar for gjestane våre. Me ynskjer å vise fram det me jobbar med til dagleg og håpar foreldre og føresette får ein fantastisk kveld.

-Foreldrefesten har vore ein tradisjon på Manger i ei årrekkje, og har like lenge vore plassert på siste dag før haustferien, seier rektor Geir Rydland. -Då kan festen kombinerast med henting av ungdommane til ein velfortent ferie. På konsertane i løpet av kvelden vil publikum få høyre innslag frå alle linjer og få innblikk i kva som skjer på dei ulike linjene.

-Dei seks første vekene har som alltid gått raskt unna, held Rydland fram. -No får elevane eit godt avbrekk før me går inn i ein lang og god arbeidsperiode fram mot jul. Me ser fram til å sjå elevane att om ei vekes tid og er klare til å ta fatt på nye utfordringar!