Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Julekonsert med MF

GodJul-artikkel.jpg

Onsdag 19.desmber arrangerer Manger folkehøgskule sin tradisjonsrike julekonsert som avslutning på haust-semesteret. Som alltid får ein høyre innslag frå alle linjer pluss skulekoret. Konsertstart er kl. 18.30 i storsalen, medan andre avdeling går føre seg i Manger kyrkje rett over vegen frå skulen.

-Me er jo ein musikk-folkehøgskule, så ingenting har vore meir naturleg for oss enn å spele konsert som avslutning til jul, seier rektor Margareth Antrobus. -Familie og vener som kjem for å hente sine kjære vert dessutan innvitert på kaffi og julekaker før konserten. Me håpar det vert ei fin førjulstund for alle saman.

Dermed har me allereie gjort unna første halvdel av skuleåret og etter ein velfortent ferie kan elevane sjå fram mot eit spanande vår-semester. Då står mellom anna studieturane til London, Yorkshire og Los Angeles på planen. Me ynskjer alle saman ei fredfull jul og eit riktig godt nytt år.