Invitasjon til elevtreff 2019

Manger folkehøgskule har gleda av å invitere til elevtreff, laurdag 25. mai 2019 for kulla som gjekk ut for 1, 5 og 10 år sidan. Dette gjeld altså elevane frå skuleåra 2017/18, 2013/14 og 2008/09. Invitasjon er også sendt ut på e-post. Prisen er sett til kr 200,- pr. pers. for arrangementet laurdag.
Andre prisar:
Overnatting pr. natt kr. 150,-
Kvelds fredag kr. 75,-
Kvelds laurdag Gratis
Frukost Gratis
Buss til Bergen kr. 150,-
Betaling skjer ved ankomst. Kun kort !
Elevtreffet er eit rusfritt arrangement. Det vert difor ikkje høve til å nytta alkohol under arrangementet.
Det vert sett opp buss til Bergen kl. 19:00, for dei som evt. ynskjer å også ha ein fest med alkohol, ein annan stad.
Førebels program:
Laurdag 25. mai
09:30-11:00 Ankomst
09.30-10:30 Frukost
11.00 Offisiell opning i Storsalen
11:30-13:00 Fotballkamp mm.
13.00-14:30 Samspel mm.
14:30-15:30 Kaffipause
15:30-16:30 Skulekor
17:00-18:30 Festmiddag
18:30 Sosialt samvær
19:00 Buss til Bergen, for dei som treng det.
21:00 Kveldsmat
Fredag
Det er ikkje program på fredag, men det er likevel mogleg å komma fredag kveld, frå kl. 19:00, dersom dette er naudsynt pga. reise.
Fredag er det kvelds kl. 20:00-20:30 (kr. 75,-).
Sundag
For dei som overnattar til sundag vert det frukost kl. 08:00-10:00.
Påmeldingsfrist: 22. mars !