Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Invitasjon til elevtreff 2018

Internatliv_800x450.jpg

Manger folkehøgskule har gleda av å invitere til elevtreff, laurdag 26. mai 2018 for kulla som gjekk ut for 1, 5 og 10 år sidan. Dette gjeld altså elevane frå skuleåra 2016/17, 2012/13 og 2007/08. Invitasjon er også sendt ut på e-post. Prisen er sett til kr 200,- pr.pers for arrangementet laurdag.

Andre prisar:
Overnatting pr. natt    kr. 150,-
Kvelds fredag                  kr. 75,-
Kvelds laurdag                Gratis
Frukost                               Gratis
Buss til Bergen                kr. 150,-

Betaling skjer ved ankomst. Kun kort !

Elevtreffet er eit rusfritt arrangement. Det vert difor ikkje høve til å nytta alkohol under arrangementet. 
Det vert sett opp buss til Bergen kl. 19:00, for dei som evt. ynskjer å også ha ein fest med alkohol, ein annan stad.

Førebels program:

Laurdag 26. mai
09:00-11:00  Ankomst
09.30-10:30 Frukost 
11.00 Offisiell opning i Storsalen
11:30-12:00  Fotballkamp mm.
13.00-14:30  Samspel mm.
14:30-15:30  Kaffipause
15:30-16:30  Skulekor
17:00-18:30  Festmiddag
18:30 Sosialt samvær
19:00 Buss til Bergen, for dei som treng det.
21:00 Kveldsmat

Fredag
Det er ikkje program på fredag, men det er likevel mogleg å komma fredag kveld, frå kl. 19:00, dersom dette er naudsynt pga. reise.
Fredag er det kvelds kl. 20:00-20:30  (kr. 75,-).

Sundag
For dei som overnattar til sundag vert det frukost kl. 08:00-10:00.

Påmeldingsfrist: 23. mars !

Påmelding til Elevtreff 2018
Alle påmeldte betaler kr. 200,- for arrangementet på laurdag.
 
Bestilling av overnatting og ekstra måltid: