Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Haustavslutning med konsert

haustkonsert.jpg

Dagen før haustferien er det tradisjonelt tid for foreldrefest på Manger folkehøgskule. Desverre kom gjenopninga av landet litt for seint til at me kunne planleggje og gjennomføre ein slik fest, men konsert har me det siste halvanna året lært oss å gjennomføre digitalt. Dagane før haustferien var elevane i full gang med opptak i storsalen.

-Tida med koronarestriksjonar gjorde det naudsynt å tenkje nytt når det gjeld dei store festdagane med konsertar og mykje publikum, seier rektor Geir Rydland. -Me samarbeida gjennom fjoråret fleire gonger om videoproduksjon med Jan Tore Næss og Peter Sæverud. Kombinert med kunnskapen me sjølve har på lyd her på skulen, fekk me produksjonar av konsertane våre med svært høg kvalitet på lyd og bilete.

Årets haustkonsert vert forhåpentlegvis den siste i rekkja av digitale konsertar på ei stund. No som restriksjonane er vekke håpar me igjen å fylle konsertsalen vår med levande publikum. Ingenting kan måle seg med magien som oppstår i møtet mellom scene og sal på konsertar. Følg med i alle våre kanalar for info om komande konsertar.