Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Godt nyttår

Artikkelbilde-1.jpg

I desse dagar er elevane sakte, men sikkert, på veg tilbake til Manger folkehøgskule. På grunn av den pågåande pandemien må alle elevar ha negativ koronatest før dei kan delta på undervisning og sosiale aktivitetar. Skulen opererer også med strenge smitteverntiltak dei første vekene etter oppstart.

-Me håpar å kunne starte semesteret med smittefri skule sjølv om elevane no kjem reisande tilbake frå heile landet, seier rektor Geir Rydland. -Me lukkast me å halde skulen fri for smitte i haust og kryssar fingrane for at tiltake våre gjer at me klarar det same i vår. Både tilsette og elevar gjer ein stor innsats for at me skal klare det.

Elevane går no inn i ein lang arbeidsperiode. Vinterferien fell i år bort for å unngå unødig reising, så dermed er påskeferien neste gong elevane får eit pusterom. I veka før påske står det studieturar på planen, og i år satsar me på smittevenlege turar innanlands dersom det let seg gjere. Som alle andre folkehøgskular, vert me desverre nødt til å vente med eksotiske reiser til utlandet. Men, det faglege og sosiale opplegget kan me love vert av ypperste klasse, slik det alltid er når me reiser på tur med Manger folkehøgskule.