Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Geir Rydland tilbake

Milj+©fyrt+Ñrn-artikkel.jpg

14.mai er Geir Rydland tilbake i rektorstolen på Manger folkehøgskule etter eit års permisjon. Formelt heldt Margie Antrobus og Anne Kari Sylta fram som høvesvis konstituert og assisterande rektor fram til 1.august, men om få veker er altså Rydland tilbake på kontoret. Me er takksame for innsatsen til årets toppleiing, og ser fram til å få Geir tilbake.

Manger folkehøgskule er i dag eigd av Hordaland fylkeskommune, men går ei spanande framtid i møte når Hordaland og Sogn og Fjordande slår seg saman til Vestland fylkeskommune i 2020. Samstundes slår vår heimkommune, Radøy, seg saman med Lindås og Meland og vert Alver kommune. Me trur at Geir har kompetansen og visjonane til å leie folkehøgskulen inn i denne nye tida.

-Det har vore eit travelt, utfordrande, men óg veldig spanande år for oss i leiinga, seier assisterande rektor Anne Kari Sylta. -Det er sjølvsagt mykje nytt å setje seg inn i, men me har hatt bratt læringskurve og har gjort oss gode erfaringar. No ser me fram til å få Geir tilbake på laget. Han har vore, og vil fortsette å vere, ein fantastisk ressurs for oss.