Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fylkesrådmannen føreslår kutt

HFKlogo-artikkel.jpg

Fylkesrådmannen i Hordaland føreslår å redusera støtta til Manger folkehøgskule med om lag 900 000 kr i budsjettframlegget for 2019. Dette er ein reduksjon på 44,2 % i høve til 2018-budsjettet. No startar den politiske dragkampen før endeleg budsjett vert vedteke på fylkestinget 11.desember.

Dette skriv fylkesrådmannen i framlegget til budsjett: "Manger folkehøgskule er finansiert med statstilskot, eigenbetaling og fylkeskommunalt tilskot. Det fylkeskommunale tilskotet var på om lag 1,9 mill. kr i 2018, det er budsjettert med reduksjon på om lag 0,9 mill. kr i høve 2018. Drift av folkehøgskular er ikkje ei lovpålagd oppgåve. Fylkesrådmannen vil difor setje i gang eit arbeid for å vurdere om aktiviteten ved skulen bør drivast av andre eller om skulen kan drivast utan fylkeskommunalt tilskot."

I eit trongt budsjett er reduksjonen i ramma for opplæringsavdelinga heile 40 millionar i høve til året før. No ventar ei spanande tid før politikarane tar ei endeleg avgjerd vedrørande løyvingane til Manger folkehøgskule i desember.