Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fornøgd utviklingsminister

utviklingsminister.jpg

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein har i starten av året besøkt fleire folkehøgskular og er imponert over det han har sett. Så langt har han besøkt Rødde, Kristiansand og Bømlo folkehøgskular, og han planlegg å avleggje fleire skular besøk i løpet av året. For folkehøgskulane er det viktig, inspirerande og kjekt at ein statsråd tek seg tid til å verte betre kjent med skuleslaget.

I samtale med folkehogskole.no fortel Ulstein: -Året på folkehøgskule er eit viktig år i livet, der ein gjerne også sit kursen for kva ein skal gjere vidare. Då synest eg det er flott som utviklingsminister å få fortelje om utviklingspolitikk, bærekraftsmål, og korleis me som enkeltmennesker kan bety ei forandring for mennesker i heile verda. Eg merkar at eg får mange gode samtalar, og gode spørsmål frå elevane. Det er svært takknemlege forsamlingar å snakke til på folkehøgskulene, seier Ulstein. Folkehøgskulene har også bærekraft på timeplanen. Det er utforma eigne globalvettreglar og mange av skulane har fokus på FN sine bærekraftsmål.

-Eg merkar at mange av elevane er spente på framtida. For mange er nok folkehøgskuleåret også ei kjensle av siste frihet før vaksenlivet verkeleg startar, seier han. – Då er det nok fint å gå på ein skule kor ein kan snakke saman med andre på same alder, og kanskje også med lærarar, om kvar dei skal ta vegen vidare.