Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fantastiske gjestar

AdamRapa-artikkel.jpg

Denne våren dukkar det opp mange fantastiske gjestar på brassbandlinja på Manger folkehøgskule. Prinicipal i Black Dyke, Richard Marshall, har allereie vore innom og om ikkje lenge får me besøk av Tormod Flaten (euphonium) og Adam Rapa (trompet). Gjestelista til skulen er rett og slett kruttsterk!

-Me er utvilsamt stolte av å ha slike namn på besøk, seier rektor Geir Rydland. -Mange av dei har vore gjestar ved fleire høve og det ser me på som eit kvalitetsstempel for skulen. Sjølv om gjestane ein får tak i varierer frå år til år, kan me nesten garantere at alle vil få møte dyktige gjestelærarar på sitt instrument i løpet av året. I tillegg har me ein utruleg stab med fast tillsette som underviser elevane til dagen.

Dette skuleåret har me allereie hatt besøk av Joe Cook (tuba), Snorre Svenningsen (slagverk), Endre Rydland Vetås (trombone), Paul Archibald (trompet) og Erlend Aagaard-Nilsen. Fleire av gjestane er tidlegare elevar ved skulen som no arbeidar som profesjonelle musikarar. Og utover våren kan me altså sjå fram til å treffe nye store musikarar på Manger folkehøgskule.