Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Enden er nær!

mangerfhs.jpg

I dag er det akkurat ei veke til skuleåret 2020/21 vert avslutta med smittevernforsvarleg brask og bram. I år kan me desverre ikkje invitere familie og vener inn på skulen til konsert og festmiddag, men fortvil ikkje, musikk til folket blir det. Laurdag 15.mai sender med ut ein musikalsk live-stream direkte til di føretrukne elektroniske eining.

-Dette har på mange måtar vore det store streaming-året, seier rektor Geir Rydland. -Alle konsertar som me før har spelt framfor eit publikum, har i staden vorte sendt ut til folket på det store internettet. Dette har vore ei ny erfaring for oss, men noko me trur me kan dra nytte av også i framtida. På årets avslutningskonsert ynskjer me å få vist fram litt av alt som har gått føre seg av musikalsk aktivitet dette året. 

Festmiddagen fredag kveld vert i år kun for elevar og tilsette. Då kan me sjå tilbake på eit fantastisk år, som på tross av pandemien har innehalde alt eit folkehøgskuleår skal innehalde; oppturar, nedturar, nye vener, sosialisering, danning, og ikkje minst, mykje fagleg påfyll. Me ser fram til siste veka med årets gjeng!