Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Brasswind 2017

BrassWind-Artikkel.jpg

Førre helg deltok Manger folkehøgskule sitt brassband på Brasswind 2017. BrassWind er ein årleg festival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Under festivalen møtest windband, brassband og ensemble, der flinke, engasjerte amatørar og skulekorpsmusikantar møter profesjonelle utøvarar, dirigentar og komponistar.

Brassbandet, under leiing av dirigent Bjørn Sagstad, framførte eit eige program pluss eit såkalla Soundpainting-prosjekt saman med Jostein Stalheim og solistane Eirik Gjerdevik (tuba) og Craig Farr (slagverk). Soundpainting er komponering på staden, basert på instruksjonar og teikn frå lydmalaren, ved dette høvet Jostein Stalheim.

Dette er 14. gongen Brasswind vert arrangert og Manger folkehøgskule sitt brassband har vore eit fast innslag på festivalen i ei årrekkje. -Det er utruleg inspirerande for våre elevar ikkje berre å få spele på ein slik festival, men også det å få lytte til dei andre konsertane med profesjonelle og amatørar på skyhøgt nivå, seier rektor Geir Rydland. -Festivalsjef Torstein Aagaard-Nilsen har jo dessutan vore ein del av laget på Manger folkehøgskule i lang tid, og me ser fram til vidare samarbeid både her på skulen og med festivalen.