Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli kjent tur til Stordalen

stordalen.JPG

I desse dagar er elevane på Manger folkehøgskule på bli kjent tur til Stordalen fjellstove. Stordalen er den vestlege innfallsporten til Stølsheimen som har eit fantastisk turterreng for alle årstider. I tre herlege dagar skal elevane få boltre seg i vakker natur og rolege omgjevnader.

-Me har hatt ein lang tradisjon med å ta oss nokre dagar på tur i starten av skuleåret, rett og slett for å verte litt betre kjent på tvers av linjer og fag. Det seier internatleiar Anne Kari Sylta. -Ein viktig del av danningsaspektet i folkehøgskulen er samspelet med andre menneske, det å fungere i eit felleskap der alle er unike og har ulik bakgrunn og bagasje. Då er slike dagar, der fag vert lagt til side, ein super måte å verte kjent med alle desse flotte personlegdomane me har på skulen i år.

I fjor vart bli kjent turen utsatt gong på gong grunna restriksjonar. Først i mai fekk fjorårskullet tatt turen som var planlagt for tidleg september. No er det heldigvis andre tider og me håpar elevar og tilsette får ein flott hausttur i vakre Stølsheimen.