Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli kjent-tur til Sætervika

setervika-artikkelBRUK.jpg

Etter suksessen i fjor, vart den årvisse bli kjent-turen også denne gongen lagt til Sætervika Ungdomssenter ved Samnangerfjorden. Her finst både internat, kjøkken og ikkje minst mogelegheiter for ei lang rekkje friluftsaktivitetar. Sætervika har kanoar og robåt til disposisjon, eigen strand og badebryggje, stor ballplass, og plen til mellom anna volleyball.

-Tanken bak turen er at elevane skal få verte betre kjent med kvarandre utanfor klasserommet, seier internatleiar Anne Kari Sylta. -Til dagleg er ein mykje oppdelt etter linjer, så ein sånn type tur tidleg på året håpar og trur me gjer at ein får betre kontakt på tvers av faglinjene. Det at ein held på med heilt andre ting enn musikk gjer dessutan at ein møter kvarandre på ein anna måte. Kanskje oppdagar ein endå fleire kvalitetar hjå medelevane sine?

Haustsemesteret er i full gang på Manger folkehøgskule, og elevane er godt i gong med si tredje veke. Tida går fort og dei aller fleste byrjar å kome inn i timeplanar, rutiner og plikter. Elevane ser forhåpentleg også alle mogelegheitane eit år på folkehøgskule gjev. Me gler oss til fortsetjinga!