Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli kjent-tur til Sætervika

setervika-artikkelBRUK.jpg

3.-5.september reiste årets kull på Manger folkehøgskule avgarde til Sætervika ungdomssenter i Tysse i Samnanger kommune. Senteret ligg idyllisk til like ved Samnangerfjorden. Bli kjent-turen i starten av året er ein tradisjon på Manger, og håpet er at elevane skal knyte venskapsband på tvers av linjer og bakgrunn.

-Dette er første gongen me har vore på Sætervika og me er kjempenøgde med opphaldet, seier assisterande rektor Anne Kari Sylta. -Fasilitetar, aktivitetar, veret og maten, alt var heilt topp! Tidlegare har folkehøgskulen brukt å reise til Dyrkolbotn, men av ulike årsaker vart det i år prøvd ut eit nytt reisemål for bli kjent-turen. .

Sætervika ungdomssenter har gode forhold for aktivitetar både på sjø og land. Her kan ein gå i fjellet, padle kano, bade frå eiga badebrygge og strand, eller drive med ballspel på stort uteområde. Senteret har også eige internat og serverer alle måltid til gjestane. Elevane koste seg stort dei tre dagane opphaldet varte og forhåpentlegvis gav det dei ein god start på det sosiale livet dette skuleåret.