Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bård Ose opna studieturveka

Bårdose.jpg

På grunn av koronasituasjonen får me som kjent ikkje reist vekk på studieturar i år, men det faglege opplegget me kan tilby elevane står ikkje tilbake for noko. I dag opna NRK-profilen Bård Ose studieturveka, heimeversjonen, med eit fantastisk foredrag om britisk pop/rock på 60-talet.

- Det er fantastisk å ha ein person som Bård Ose, som er så kunnskapsrik og ikkje minst ein fantastisk formidlar, til å forelese for elevane våre. Når han snakkar om dette stoffet høyrer du at han gjer det med kjærleik til musikken, seier lærar på artist/låtskrivar, Silje Spurkeland. Ose brukte dei fire store, britiske banda frå 60-talet, The Beatles, The Rolling Stones, The Kinks, og The Who, som utgangspunkt for nokre herlege timar med musikkhistorie.

I kveld følgjer elevane opp dagens tema med 60-tals fest på skulen. Her kjem ingen ringare enn DJ Ralph Myerz og spelar for oss, i tillegg til ei rekkje musikalske innslag frå elevane sjølve. Den neste veka held "studieturane" fram med kruttsterke faglege opplegg og spanande gjestar på alle linjer. Følg med på her og sosiale medier for fleire oppdateringar.