Skuleåret 2018-2019
Tida flyr fort, åra også. Derfor treng vi haldepunkt og informasjon som held oss fast i «nuet». Dette er sida der du finn nesten alt du treng å vite om skuleåret.
Skuleåret
Dagar og veker klarar du å halde kontroll på ved å sjekke timeplanen, men skal du sjå året i heile si prakt må du ha ein visuell oversikt å halde deg til. Den finn du under.
Skulerute
Timeplan og fagdagar
Hos oss er fredagane ekstra spesielle. Då ryddar vi plass på timeplanen slik at du får fordjupe deg i eitt, enkelt fag heile dagen. Eller to fag dei gongane vi kjører halve fagdagar. I utgangspunktet har vi ein 7-vekers syklus, altså skal du t.d. ha fagdag i norsk kvar sjuande veke. Viss du synes det er vanskeleg å halde styr på, kan du enten sjekke timeplanen, eller sjå på oversikten over fagdagar.
Timeplanar Fagdagar
Kontaktlærarar
Alle klassane på skulen har sin eigen kontaktlærar som har eit spesielt ansvar for oppfølginga av elevane.