Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Miljøfyrtårn

Skulen er sertifisert som Miljøfyrtårn. Det vil seie at skulen er ein av om lag 5 000 andre verksemder i Norge som ønskjer å vere eit fyrtårn for miljø og klima. Ved denne sertifiseringa må skulen oppfylle 62 krav som omfattar internkontroll, HMS, arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, energibruk, transport, avfall, utslepp og estetikk.  

Som elev ved dei offentlege vidaregåande skulane må du kjeldesortere avfallet ditt og delta i skulen sine miljøaktivitetar. Dei offentlege skulane i Hordaland er flinkare enn dei private når det gjeld miljøarbeid og nytter seg av to sertifiseringar; Miljøfyrtårn og Grønt Flagg.

Det som er så flott med miljøsertifisering er at du kan vere trygg på at det vesle du gjer, gjer ein forskjell. Det er fordi systemet omfattar alle. Om til dømes elevane og dei tilsette i Hordaland fylkeskommune kjeldesorterer 1 kg avfall kvar, blir det til saman 23 tonn kjeldesortert avfall!

Hordaland fylkeskommune har sidan 2014 innført systematisk miljøstyring. Dei gode resultata dette førte til i 2014 kan du lese om i den årlege miljørapporten. Her finn du også eit rekneark med alle miljøtala for skule din! Kor mange A4 ark trykte de opp per elev og tilsett i fjor? Kva var kjeldesorteringsprosenten? Kor mykje reiste de med bil og fly? Og var det betring frå i fjor?

Har du lyst til å bidra til lågare klimagass-utslepp og eit betre miljø? Ta kontakt med miljøansvarleg på skulen, Morten Bygstad. Du kan også ta initiativ gjennom elevrådet.