Meir om helsetenesta
Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Du kan sjølv oppsøke oss om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med. Avtalte timar hos oss blir registrert som gyldig fråvær. Tenesta ved Langhaugen videregående skole består av helsesjukepleiar Gerd-Anne Wincentsen.

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?
Her er nokre eksempel på ting du kan snakke med oss om:
- Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
- Kroppslege plager
- Psykiske vanskar som depresjon, angst eller sinne
- Konsentrasjonsvanskar
- Spørsmål om seksualitet
- Prevensjonsrettleiing og resept på prevensjon
- Spørsmål om kjønnssjukdommar, evt. testing av klamydia
- Vanskeleg forhold til mat og eting
- Vanskelege heimeforhold
- Uro for vener eller familie
- Utsatt for (eller vitne til) vald eller overgrep
Opningstider
Vi held til i underetasjen, like ved biblioteket. Helsesjukepleiar Gerd-Anne er til stades mandag til torsdag.
Bestill time
Du kan bestille time via Its Learning, telefon/SMS eller berre kome innom.
Ring 945 07 909
Samarbeid
Skulehelsetenesta samarbeider med skulen sine lærarar, rådgivarar og PPT (Pedagogisk - psykologisk teneste). Vi har teieplikt, og må ha samtykke frå deg dersom det er nødvendig å drøfte situasjonen din med samarbeidspartnarane våre når du ikkje er til stades.
Vi samarbeider også med helsestasjon for ungdom som held til på Engen helsestasjon i Teatergaten 4. Dei har ope måndag, tysdag og onsdag kl. 15.30-18.00.
Nyttige lenker