Helsetenesta
Skulehelsetenesta omtalast gjerne som barn og unge sin bedriftshelseteneste. Dette er ein gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen. Skulehelsetenesta tilbyr rettleiing, helseundersøking, vaksinering, oppfølging og ved behov også vidare henvisning. Skulehelsetenesta har teieplikt, men samarbeider med heim, skule og øvrig hjelpeapparat der dette er naudsynt eller ynskjeleg.
Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar Gerd-Anne Wincentsen, skulepsykolog Laila Aziza Caradoon og skulelege Per-Christian Sandaa Vaage. Helsesjukepleiar er til stades mandag - torsdag, skulepsykologen kvar fredag og legen annankvar torsdag frå kl. 12 til 15. Du finn dei i underetasjen, inn døra til høgre for biblioteket.
Meir om helsetenesta