Utsett, ny og særskild eksamen - haust
Dersom du har rett på utsett, ny eller særskilt eksamen på hausten må du sjølv melde til skulen at du ønskjer å ta eksamen.
Utsett eksamen
Dersom du har dokumentert gyldig fråvær, til dømes vore sjuk og har levert sjukemelding, har du rett til utsett eksamen i trekkfag. Då skal det trekkjast på nytt.
Utsett eksamen kan då bli i eit anna fag enn det du var trekt ut i opphavleg.
Ny eksamen
Dersom du får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen i same fag.
Særskilt eksamen
Dersom du får karakteren 1 i standpunkt har du rett til særskild eksamen i faget. Særskild eksamen gjeld ikkje for elevar med IV.